lørdag 10. januar 2015

318 ♥ Salmenes bok 131-133

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 131 Salme 131 Salme 131 Salme 131
Salme 132 Salme 132 Salme 132 Salme 132
Salme 133 Salme 133 Salme 133 Salme 133

Utvalgt andakt

Sjå, kor godt og fagert det er når brør bur fredeleg saman! Salme 133,1

Det har aldri vore Guds meining at ein kristen skulle leva kristenlivet sitt åleine her i verda. Difor har han bygt ein heim, samfunnet av dei heilage, der me skal bu i lag. Det er der me skal finna eit av dei klåraste vitnemåla om at me er Guds born.

I dette samfunnet skal den eine hjelpa den andre, og der har vår Far og Frelsar sagt at velsigninga skal bu. Der skal me byggjast opp til ein Guds bustad i ånda.

Ein kristen som stengjer seg ute frå denne heilage heimen, vil lett ta skade på sjela si. Han kan snautt halda seg varm åleine; verda er så kald for oss. Me har og fiendar som me berre kan vinna over når me held i hop. Og går nokon av oss bort frå denne heimen fordi me finn så mange feil hjå brør og systrer, så kan det henda at den største feilen ligg hjå oss sjølv. På avstand frå dei andre gror mistanken og det vonde sinnelaget, men i samfunnet av dei heilage vil kjærleiken skjula ei mengd med synder.

La oss takka Gud som gav oss det heilage samfunnet på jorda, og la oss ofra mykje for å halda saman der! Me treng einannan så vel.

Her er ikkje jordisk slektskap,
her er ikkje jordisk bånd
som binder slik hjarta til hjarta
og einar slik ånd med ånd
som dette å eiga saman
ein Herre, ei tru, ein dåp
som barn av den same Fader,
og fødde til same håp.

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 131
Salme 132
Salme 133