277 ♥ Ordspråkene 28

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Ordspråkene 28 Ordspråkene 28 Ordspråkene 28 Ordspråkene 28

Utvalgt andakt

Sæl er den som alltid ottast Gud, men den som gjer seg hard, fell i ulukke. Ordt 28,14

Ein kristen skal ikkje berre vera trygg og glad, han skal òg ottast og vera varsam. Bibelen prisar ikkje sæle berre dei som alltid er glade, men òg dei som alltid ottast.

Når det er spørsmål om Gud som frelsar og far, då har me alltid grunn til å vera trygge og rolege. Det han har lova i ordet sitt, kan ikkje slå feil; difor kan me i full visse og med sæl ro leggja alt i handa hans. Men når det gjeld oss sjølv, både som menneske og som kristne, har me alltid grunn til mistru og otte. Vår natur ber i seg sterke og løynde krefter som i samarbeid med Satan alltid søkjer å føra oss på ville vegar. Det er ikkje berre slik at me blir freista til det som i kvar manns augo er synd, men òg slik at me vil føra over på vår konto det som Gud i nåde gav oss og slik gjera oss sjølv store på Herrens velgjerningar.

Ein kristen må aldri lita på seg sjølv, heller ikkje på vekkinga, omvendinga og trua si, nei, ikkje eingong på nåden i hjarta sitt. Det er ei lov i Guds rike som aldri kan brytast, at den som har minst tillit til si eiga kraft, finn styrke i Herren. Berre den som i mistru til seg sjølv lit på Herren, skal aldri komma til skam.

"Ottast Herren, de hans heilage folk! Dei som ottast han, lid inga naud." Salme 34, 10.

Åleine nåde gjelda kan
når synd du skal forlata.
Mi gjerning ikkje gjeld eit grand
og kan meg inkje bata.
For deg er ingen funnen rein,
so deg må ottast kvar og ein
og taka trøyst av nåden.

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Ordspråkene 28


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar